Sturla har truleg alltid svevd fritt i det musikalske landskapet til folkemusikken og fela. Han har kasta seg ut frå fjellskrenten i eit trøndersk landskap, og kanskje svevar han vidare i hangglider over nye landskap og tek nedi med føtene både her og der. Dermed blir han heller ikkje sittande ved leirbålet og dyrke korkje ”sanningar” eller ”soger”. Sturla har ei slåande musikalitet og ferdigheiter på fela som mange vil misunne han. Dette grunnlaget brukar han til skape noko som er hans eige kart over slåttemusikken. Om han tolkar tradisjonsmateriale eller skaper nytt, skjer det samme: Han går forbi klisjeane, men aksepterer vendingar og konvensjonar som er nødvendige for at det skal bli attkjend som slåttemusikk. Men i musikken kjennest eit inderleg ønskje om snakke til publikum, sette i gang prosessar, løfte augnebryn og røre på samme tid. Det finst ikkje ein einaste likegyldig tone når Sturla spelar. Det er eit godt kjenneteikn på kunstnarleg vilje og retning. Arild Hoksnes
Sturla Eide har i fleire år vore blant dei fremste utøvarane innan norsk folkemusikk. Han har sidan 1998 arbeida med musikk på heiltid, med undervisning og utøvande verksemd i form av turnear i inn og utland. Eide har gjeve ut to CDer med bandet Flukt (Spill (2002), og Drufiacc (2004), samt spellemannprisnominerte Glimmer (2003) saman med Andreas Aase. Sturla Eide viser til fulle sin teft for korleis tradisjonell musikk kan spelast bedre og utadvendt, utan å bryta med tradisjonane og utan å inngå for mange kompromiss med andre musikarar og stilartar. Det er store spenn i musikken men like fullt ein tydeleg og gjennomgåande identitet i spelet, flotte komposisjonar, og strålande speleglede. Karl Seglem (NORCD)
Det virker egentlig nesten rart at dette er Sturla Eides solodebut, han har liksom vært med så mange år, men altså sammen med andre. Selv om tittelen «Murru» er noe kryptisk, er plata særdeles tilgjengelig. De første fire-fem slåttene er en oppvisning i teknikk og driv som det lukter svidd av. Det flater litt ut i midtpartiet, men avslutningen er en imponerende blanding av egne komposisjoner og tradisjonsslåtter. Hele ti av fjorten spor er signert Eide, og han viser seg som en allsidig komponist, fra irskklingende «Tvihuga», via den mektige brureslåtten «Idar og Petra» til den avsluttende trolske polsen «Westberg». Gjestemusikerne, Andreas Aase, Ronny Kjøsen og Robin Barstow, bare forsterker inntrykket av en gjennomarbeidet kvalitetsutgivelse. Hvis du skal overbevise noen om at folkemusikk ikke er traust og sidrumpa, kan du jo for eksempel sette på «Knall» eller «Storhollingen». Friske saker! Tore Vikan (Trønderavisa)